Kunst på Balestrand Hotell

Ein open visningsarena i Balestrand, der kunsten blir ein naturleg del av opplevinga av hotellet.

Kunst har lenge hatt ein synleg plass på Balestrand Hotell, og dei siste åra har vi invitert stadig fleire kunstnarar til å vise verka sine hos oss.

Fellesareala og hotellromma er tekne i bruk som utstillingsflater. Her finn du måleri, tekstilkunst og gatekunst side om side. Nokre verk møter du på veg gjennom huset, medan andre er ein del av rommet du bur i.

Vi ønskjer at hotellet skal vere ein stad der kunstnarar kan nå eit nytt publikum, og der folk i Balestrand og tilreisande får møte kunst i kvardagen. Vi viser verk av kunstnarar med tilknyting til Balestrand og frå andre delar av landet, og ønskjer særleg å gi unge og mindre etablerte kunstnarar plass.

Kunsten i fellesareala er tilgjengeleg også for deg som ikkje bur på hotellet. Du er velkomen innom for å sjå kva som er utstilt.

Møt kunstnarane

Her kan du bli kjend med kunstnarane som stiller ut hos oss, arbeida deira og tankane bak kunsten du møter rundt om på hotellet:

Sjå deg omkring

Frå romma til fellesareala:
Verka er ein del av kvardagen på hotellet.

Vi har fleire andre kunstnarar utstilt på hotellet. Info om dei kjem snart.

Er du kunstnar og interessert i å stille ut hos oss? Ta gjerne kontakt på info@balestrand.com