Møt kunstnaren
Anette Moi
Anette Moi er illustratør, designer og kunstnar busett i Stavanger. Ho har arbeidd fulltid som illustratør sidan 2013, og lagar fargerik, leiken og naivistisk kunst med eit tydeleg mål: å få folk til å smile. Ho meiner verda treng meir fargar, og at fargar kan påverke både humøret og korleis vi opplever omgjevnadene våre.
Arbeida hennar spenner frå illustrasjonar på kaffikoppar for Narvesen til store veggmåleri rundt om i Noreg. Ho har mellom anna måla ei badstove på Storhaug, dekorert toaletta til Vipps med fluoriserande måling og laga eit stort veggmåleri av Erling Braut Haaland på Bryne. På Balestrand Hotell har ho òg måla eit stort veggmåleri i fellesarealet.
På Balestrand Hotell finn du kunsten hennar i fellesareala, gangane og hotellromma. Dei fargerike verka er ein del av omgjevnadene på hotellet og inviterer til å oppdage små detaljar undervegs i opphaldet. Vi er svært glade for at kunsten hennar set farge på hotellet og gjer veggene våre litt meir levande.
Anette driv sin eigen butikk i Stavanger, der ho sel plakatar og andre produkt med illustrasjonane sine. For butikk og meir informasjon, sjå www.anettemoi.com
Opplev kunsten hos oss.
Kunsten er her for å bli opplevd. Ta kontakt om du vil vite meir om satsinga.
Ta kontakt