Lurer du på kva du kan finne på i Balestrand? Vi har samla dei beste tipsa til deg!
Sauna
Velkomen til ei heit oppleving ved fjorden!
Saunaen vår står heilt ytterst på piren framfor hotellet, med panoramautsikt over fjorden – så nær vatnet at det nesten kjennest som du flyt. Her kan du lene deg tilbake i varmen, slappe av og nyte utsikta. Og hoppe i fjorden for ein deilig dukkert!
Du kan leige heile saunaen eller kome på drop-in om du har medlemskap. Her er det plass til opp til 9 personar samstundes.
Turar
Balestrand byr på eit mangfald av turar – frå fjordkanten til spektakulære toppar. Anten du er ute etter noko roleg eller ei skikkeleg utfordring, finn du noko som passar her.
Nokre av våre favorittar:
Naturstien (0–150 moh): Lett og lærerik rundtur med info om natur og dyreliv – perfekt for heile familien.
Orrabenken (0–370 moh): Moderat stigning med panoramautsikt over fjorden og bygda.
Klikk her for meir info eller sjå turar på UT.no
DripFiske
Mons i DripFiske vil gjerne vise deg skattane frå havet i Balestrand!
Bli med på ein guida fisketur som balanserer ro og spenning i ei og same pakke.
Mat og drikke
I Balestrand finn du alt frå kaféar og bakeri til restaurantar med lokale råvarer og sjømat på menyen. Nokre med utsikt mot fjorden, andre midt i sentrum.
Sjå oversikta her:
Ciderhuset
Ciderhuset ligg ein spasertur frå kaien og hotella i sentrum. Dei produserer drikke under merket Balholm – cider og fruktdrikk laga med ekte lidenskap.
Om sommaren kan du bli med på cidersmaking, handle i gardsbutikken eller ete i restauranten. Dei tek imot grupper heile året til måltid, faglege opplegg, kulturvandring, teambygging - eller anna moro!
Fjord sightseeing
Likar du vind i håret? På denne turen får du kjenne på spenninga frå ein rask, men komfortabel båttur medan du lærer om stadene og historiene i Balestrand.
Sykkelutleige
Vil du oppdage Balestrand frå sykkelsetet? Då kan du stikke innom Balestrand Adventure på kaien i sentrum og leige sykkel!
Dei har både vanleg sykkel og el-sykkel.
Kunstbygda Balestrand
Kunstbygda Balestrand har som mål å styrkje Balestrand og Sogn som ein levande stad for kunst – no og i framtida – ved å leggje til rette for kunstutstillingar og andre kulturopplevingar i regionen.
Norsk Reiselivs-museum
Det nye temamuseet i Balestrand, som opna våren 2016, gir deg høve til å bli kjent med utviklinga av reiselivet og historia til reisinga i fjord- og fjellandet vårt.