Vil du jobbe hos oss?

På Balestrand Hotell skjer det mykje! Her samlar vi folk rundt kunst, konsertar, festivalar og andre arrangement, samtidig som vi tek imot hotellgjester frå fjern og nær. Vi vil skape ein levande møteplass ved Sognefjorden, der kultur-og bygdeliv går hand i hand.

Vi ser etter fleksible ekstrahjelparar som vil vere med på laget! Arbeidsdagane varierer, og oppgåvene kan spenne frå reinhald, bar og resepsjon til vertskap og henting av gjester. Vi ser etter deg som likar å møte folk, tek initiativ og trivst med varierte dagar der vi hjelper kvarandre med å få ting til å skje.

Har du lyst til å bli ein del av det vi byggjer her i Balestrand? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Send oss ei melding!