Ønskjer du å arrangere noko på Balestrand Hotell?
Vil du bruke heile hotellet, området eller baren for eit arrangement? Vi ønskjer alle idear velkomne, og hjelper deg gjerne med å dra det i land.
Kontakt oss
Sjølv om vi er eit mindre hotell med avgrensa plass, får vi til mykje med fleksible løysingar og ein dose kreativitet. Det kan vere alt frå bursdagsfeiringar, møteverksemd, julebord, slektstreff til diverse samlingar, men òg større arrangement som konsertar og shows.
Fortel oss gjerne når du ser for deg at dette skal skje, kor stort det skal vere og kva slags ønskjer du har, så finn vi ei god løysing saman.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
