Møt kunstnaren
Tuva Stefansen Hamnes
Tuva Stefansen Hamnes (f. 2001) er ein tverrfagleg kunstnar frå Brønnøysund, busett i Oslo. Ho er utdanna ved Einar Granum Kunstfagskole og Kunsthøgskulen i Oslo.
Hamnes arbeider med tekstil, skulptur, installasjon og måleri. Arbeida hennar tek ofte utgangspunkt i ein tanke, ei kjensle eller ei personleg erfaring. Gjennom observasjonar av omgjevnadene og sitt eige følelsesliv utforskar ho tilstandar og situasjonar som lett blir oversette, eller som sjeldan får rom. Materialvalet spelar ei viktig rolle i korleis ideane og stemningane kjem til uttrykk.
Sjølv om uttrykket varierer mellom ulike medium, har måleriet alltid vore ein sentral del av kunstpraksisen hennar. Her utforskar Hamnes stemningar på ein intuitiv måte, med inspirasjon frå naturen, fargar og abstrakte former. Arbeida hennar bevegar seg mellom det gjenkjennelege og det udefinerbare, og opnar for ulike måtar å oppleve og tolke motiva på.
Kontakt og kjøp
Tuva Stefansen Hamnes
Instagram: @tuvahamnes.portfolio
Telefon: +47 948 28 907
E-post: Tuva.s.hamnes@gmail.com
Prisar
For informasjon om pris eller kjøp av eit bestemt verk, ta kontakt direkte med Hamnes. Dei utstilte måleria kostar frå 700 til 6500 kr.
Opplev kunsten hos oss.
Kunsten er her for å bli sett. Ta kontakt om du vil vite meir om satsinga.