Møt kunstnaren
Ida Helene Thorkildsen
Ida Helene Thorkildsen (f. 1996, Sandnes) er biletkunstnar utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo, ved avdeling for tekstil på medium- og materialbasert kunst. Ho arbeider med stofftrykk, collage, måleri og installasjonar.
Gjennom fleire år har Thorkildsen samla fotografi og visuelle referansar frå Jærkysten, populærkulturen frå tidleg 2000 tal og undergrunnskulturen i Oslo. I arbeida sine utforskar ho møtet mellom desse uttrykka. Sterke fargar, metalliske overflater, pikselerte overgangar og futuristiske linjer møter rørsla i havet og dei organiske formene til plantene.
Ho undersøker korleis kroppen søkjer samband og tilhøyrsle i møte med ulike omgjevnader. Landskap er ikkje berre fysiske stader, men òg noko vi ber med oss gjennom lukt, lyd, tempo, lys og rørsle. Eit landskap kan slik vere ei kroppsleg kjensle eller ei påminning om noko som har vore.
Med reaktive fargar, tekstilfargar og akrylmåling set Thorkildsen ulike materiale saman i lagvise prosessar og abstrakte motiv. Fargane spreier seg på måtar som ikkje alltid kan kontrollerast, og gir rom for spontanitet og det uføreseielege. I arbeidet med collage klipper ho opp, omorganiserer og forskyv element, medan kroppen sjølv blir ein aktiv del av prosessen.
Rørsle, uro og rytme står sentralt i arbeida hennar. Thorkildsen utforskar korleis identitet blir forma og endra i møte med omgjevnadene, og korleis minne, stader og visuelle inntrykk kan vevast saman på tvers av tid og rom.
Kontakt og kjøp
Ida Helene Thorkildsen
Instagram: @ida.paints
Telefon: +47 970 22 779
E post: ida_helene96@hotmail.com
Prisar
For informasjon om pris eller kjøp av eit bestemt verk, ta kontakt direkte med Thorkildsen. Dei utstilte måleria kostar frå 2500 til 8500 kr.
Opplev kunsten hos oss.
Kunsten er her for å bli opplevd. Ta kontakt om du vil vite meir om satsinga.