Møt kunstnaren
Madeleine Holme
Madeleine Holme er kunstnar, illustratør og grafisk designar. Arbeidet hennar tek ofte form av figurative måleri og illustrasjonar med tydelege komposisjonar og leikne detaljar. Ho er like heime i digitale som i analoge medium, og blandar tidvis dei to uttrykksformene.
Arbeida hennar leikar seg med fargar, former og karakterar, og rommar både det draumande og det kraftfulle. Ho har mellom anna laga albumomslag, scenedekor og turnéplakatar for vår eigen Per Áki og Kjartan Lauritzen, og har elles arbeidd med visuelle uttrykk for musikk og scene.
På Balestrand Hotell finn du eit utval av arbeida hennar, frå grafiske illustrasjonar til måleri med sterke fargar og fantasifulle motiv. Ho har òg laga fleire verk spesielt for hotellet, mellom anna to drakemåleri i resepsjonen. Motiva er inspirerte av drakestilen som kjenneteiknar fleire av dei historiske sveitservillaene i Balestrand.
Vi er enormt glade for å ha verka til Madeleine som ein del av kunsten på hotellet, for korleis dei tilfører huset fantasi, fargar og liv.
Les meir om Madeleine og sjå fleire av arbeida hennar på www.maddemoiselle.no (https://www.maddemoiselle.no/).
Opplev kunsten hos oss.
Kunsten er her for å bli sett. Ta kontakt om du vil vite meir om satsinga.