Møt kunstnaren

Helena Knive

Helena Knive (f. 2000, Larvik) er tekstilkunstnar utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo. Ho arbeider med norsk ull og utforskar eigenskapane til materialet gjennom teknikkar som toving og veving.

Med ei særleg interesse for spælsauen, ein av dei mest hardføre sauerasane i Noreg, har Knive brukt mykje tid på å bli kjend med dei unike kvalitetane til ulla. Kvar knute og kvar farge speglar ei djup respekt for eit enkelt, men kraftfullt materiale, og for livet til sauene det kjem frå.

Motiva hennar er gjerne abstrakte og humoristiske, med assosiasjonar til kvardagslivet og element vi kjenner att frå våre eigne omgjevnader. Gjennom arbeida sine løftar ho fram særpreget ved ulla og opnar for nye blikk på eit materiale med lange tradisjonar.

Kontakt og kjøp

Helena Knive

Instagram: @knifehelena

Telefon: 910 06 444

E-post: helenaknive@hotmail.no

Prisar
For informasjon om pris eller kjøp av eit bestemt verk, ta direkte kontakt med Knive.

Opplev kunsten hos oss.

Kunsten er her for å bli opplevd. Ta kontakt om du vil vite meir om satsinga.

Ta kontakt 

Sjå romma våre