Julepub og konsert med Korehuset
Som del av programmet til Jul i Balestrand samlast vi denne laurdagskvelden for julepub og konsert med bygdas favorittkor, Korehuset, på Balestrand Hotell!
Korehuset blei starta våren 2024 og tel over 20 songglade sjeler som øver jamleg på hotellet. Julekonserten deira i fjor blei ein stor suksess med fullt hus og fantastisk stemning. Denne kvelden byr dei på eit variert program – og verdspremiere på låta «Jul i Balestrand», forfatta av Magnus Kayser.
Inngang: 100,-
Dører: 20:00
Konsertstart: ca. 21:00
Gratis inngang etter konserten
Servering i baren til kl. 02
PS: Dagtid kjem vi til å selje merch, plakatar, postkort og meir på julemarknaden i Holmen. Håpar å sjå dykk der.
Det blir fyr i bålpanna, juledrikke i baren og god stemning utover kvelden hjå oss på hotellet.
Velkomen!