Tilbake til alle arrangementer

Ungdomskonsert: Kjartan Lauritzen i Balestrand

Klubbstyret i Balestrand Ungdomsklubb og Ungdomsavdelinga er stolte av å kunne invitere til ungdomskonsert med Kjartan Lauritzen!

Konserten finn stad i Kviknessalen på Kviknes Hotel, og er forbeholdt aldersgruppa 13-19 år (frå året du fyller 13 til året du fyller 19). Ungdom under 15 år må oppgje kontaktinfo til,- og ha løyve frå foreldre for kunne å melde seg på. 

Gratis busstransport blir sett opp frå Kaupanger, Sogndal og Leikanger, men må bestillast separat: https://www.letsreg.com/no/event/balebussen. Det blir også returbuss frå Balestrand til Fjærland etter konserten. 

Det blir enkel kiosk på hotellet, og høve til å kjøpe seg noko å ete både før og etter konserten. 

Billettar

Kl. 18:30: Dørene opnar

Kl. 20:00: Konsertstart

Kl. 22:30: Avreise buss (ventar ikkje på etternølarar - møt presis!)

Arrangementet er rusfritt - rusa personar vert viste vekk.

Legitimasjon må framvisast i døra, og eldre/yngre enn målgruppa vert nekta adgang (bilettane vert ikkje refunderte).

Ungdomsavdelinga har ansvar for konsertlokalet/gjennomføring  av konserten, samt for felles busstransport til og frå arrangementet.

Ungdomen deltek elles på eige ansvar.

Forrige
Forrige
29. november

Julepub og konsert med Korehuset

Neste
Neste
13. desember

Kjartan Lauritzen i Balestrand