Pubkveld med Frynsegodene
Etter suksessen førre haust, er vi klare for ein ny runde. Ja, Frynsegodene kjem nok ein gong til Balestrand!
Med toradaren i sentrum stiller Frynsegodene med stødig komp og godt humør. Kjenner vi dei rett blir det både spel og lått, preiking med kjende og ukjende, toppa med folkrock frå dei britiske øyane. Det ventar òg ein kviss i løpet av kvelden. Alt kan skje denne fredagen på Balestrand Hotell!
Fredag 2. oktober
Dørene opnar 19:30
Start rundt kl. 20
Billettpris: 150,-
Baren er open til kl. 01
For kvissen blir det bordlag.
Det blir ei innhaldsrik helg på hotellet, med pubkveld på fredag 2. oktober, og språksjov med Linda Eide laurdag 3. oktober. Her er det med andre ord berre å glede seg.
Sjå også arrangementsida på Facebook for oppdateringar og meir informasjon.
Overnatting
Treng du overnatting? Vi har laga eit eige tilbod for denne helga, der romprisen inkluderer frukost. Det kjem meir informasjon om høve til å bestille middag i tillegg. Ting rom som vanleg via bookingsida vår.
Ta med deg ein ven, ein kjærast eller ein forelder, og kombiner sjovet med overnatting, sauna, god mat og hauststemning ved fjorden!
Velkomen!
Frynsegodene består av Tonje Fløystad, Eli Versto, Christina Brunner og Kjersti Berge, saman med Linda Eide. Med mottoet “lite for gehøret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og garantert god stemning.