Tilbake til alle arrangementer

EKSTRAFRAMSYNING: Språksjov med Linda Eide

Billettane til språksjovet med Linda Eide laurdag 3. oktober kl. 21 forsvann raskt, men vi kan no dele ei gladnyheit: Vi slepp ekstraframsyning same kveld, slik at endå fleire kan få oppleve Livet er eit språksjov på Balestrand Hotell!

Laurdag 3. oktober
Dører: 17:30

Start: 18:00
Varigheit: Om lag ein time
Billettpris: 400,-

OBS! VIKTIG INFO:

Dette er ei ekstraframsyning før den utselde framsyninga kl. 21. Når sjovet er ferdig, må publikum forlate arrangementslokalet, slik at vi kan gjere klart til neste framsyning.

LIVET ER EIT SPRÅKSJOV
– Kva språket har gjort med meg

Linda er mildt sagt opptatt av språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om det, og laga sjov om det – og kjem til Balestrand Hotell med det!


Om framsyninga

Bli med inn i Lindas språkunivers, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå han Knut under bakken til ho Peranna på Høgde. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå journalistutdanning til sparken på dagen. 

Dette er scener frå eit språkliv –  til glede, sinne, trøyst, og rett som det er, berre blott til lyst.

Overnatting

Treng du overnatting? Vi har laga eit eige tilbod for denne helga, der romprisen inkluderer frukost. Det kjem meir informasjon om høve til å bestille middag i tillegg. Ting rom som vanleg via bookingsida vår.

Ta med deg ein ven, ein kjærast eller ein forelder, og kombiner sjovet med overnatting, sauna, god mat og hauststemning ved fjorden!


Ei helg full av språk, musikk og latter

Til Balestrand Hotell kjem også Frynsegodene. Gruppa består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad, Christina Brunner, saman med Eide. Med mottoet “lite for øret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og garantert god stemning.

Det blir altså ei innhaldsrik helg på hotellet, med pubkveld med Frynsegodene fredag 2. oktober og språksjov med Linda laurdag 3. oktober. Her er det med andre ord berre å glede seg.

Sjå arrangementsida på Facebook for oppdateringar og meir informasjon.

Velkomen!

Linda Eide har arbeidd som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er programleiar, forfattar, foredragshaldar og språksjovar. Ho har mottatt ei rekke journalist- og språkprisar for arbeidet sitt. Særleg kjend er ho for Eides språksjov, fjernsynsprogrammet som i tolv sesongar gjorde språk til laurdagsunderhalding på NRK.

Forrige
Forrige
2. oktober

Pubkveld med Frynsegodene

Neste
Neste
3. oktober

UTSELD! Språksjov med Linda Eide