Tilbake til alle arrangementer

Yoga med Kristina på Balestrand Hotell


Velkomen til ukentleg yoga på Balestrand Hotell, frå torsdag 22. oktober!

Timane blir leia av Kristina Griksaite, som er utdanna yogainstruktør og har drive med yoga i over 15 år. Dei siste to åra har ho halde yogatimar på treningssenteret i Balestrand.

Timane vil hovudsakleg vere innan hatha- og yin-yoga, med innslag av pilates innimellom. Dei passar for alle nivå, anten du har erfaring med yoga eller vil prøve for første gong. Vi avsluttar med ein kopp te og ei roleg stund til å puste ut.

Frå 22. oktober til 3. desember:
Kvar torsdag kl. 18
Pris er 60 kr per gong. Varigheit om lag ein time.
Ein betalar via Vipps når ein kjem.


Vi har åtte yogamatter til utlån på hotellet. Har du eiga matte, er det fint om du tek henne med.

Har du spørsmål om tilbodet? Send ei melding til Kristina på +47 967 24 974.

Velkomen!

Forrige
Forrige
3. oktober

UTSELD! Språksjov med Linda Eide