Tilbake til alle arrangementer
Fredag 16. april får vi besøk av komikar Hans Magne Skard, med soloshowet «Skruball»!
Med over 13 år på standupscena, eit innslag i «Ikkje lov å le på hytta» og podkasten «Skuddsikker fest» på CV-en, har Hans Magne etter kvart blitt eit kjend namn for mange. Etter suksessen med debutshowet «Rett i Pennalet» er han no klar med sitt andre soloshow. I «Skruball» inviterer han publikum inn i sitt eige univers, der ein aldri heilt veit kvar ballen hamnar. Vi gler oss til ein kveld med skarpe observasjonar, absurde tankerekker og uventa vendingar. Velkomen!
Dører kl. 19
Showstart kl. 21
Varigheit: Om lag 1 time
Billettpris: 320 kr
Aldersgrense: 20 år
Baren er open til kl. 01.
Forrige
Forrige
5. desember