Tilbake til alle arrangementer

Stand up med Hans Magne Skard – «Skruball»

Fredag 16. april får vi besøk av komikar Hans Magne Skard, med soloshowet «Skruball»!

Med over 13 år på standupscena, eit innslag i «Ikkje lov å le på hytta» og podkasten «Skuddsikker fest» på CV-en, har Hans Magne etter kvart blitt eit kjend namn for mange. Han er kjend for ein humor som kombinerer skarpe observasjonar, absurde tankerekker og uventa vendingar.

Etter suksessen med debutshowet «Rett i Pennalet» er han no klar med sitt andre soloshow. I «Skruball» inviterer han publikum inn i sitt eige univers, der ein aldri heilt veit kvar ballen hamnar. Vi gler oss til ein kveld med skråblikk, latter og humor som tek uventa retningar. Velkomen!

Dører kl. 19
Showstart kl. 21
Varigheit: Om lag 1 time
Billettpris: 320 kr
Aldersgrense: 20 år

Baren er open til kl. 01.

Forrige
Forrige
5. desember

Konsert og karaokekveld med Korehuset