Linda Eide og Frynsegodene kjem på besøk! Toradar og Champagne, blokkfløyte og harmoni, preiking med kjente og ukjente, toppa med folkrock frå dei britiske øyar. Alt kan skje denne fredagskvelden på Balestrand Hotell.
Fredag 31. oktober Inngang: 150,- Dører: 20:30 Start: Rundt 21:30 Baren er open til kl. 01
Frynsegodene består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad og Christina Brunner, saman med Linda Eide. Med mottoet “lite for øret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og garantert god stemning.
Ei full helgeoppleving Laurdag 1. november blir det språksjov med Linda Eide. Her kan du altså få ei full helgeoppleving. Dei ordinære billettane til sjovet er utselde, men vi held nokre plassar for overnattande gjestar. Ved å tinge rom kan du få reservert billett til språksjovet òg. Ta med deg ein ven, kjærast eller forelder, for ei helg med opplevingar, overnatting, god mat og hauststemning ved fjorden!