Matfenomenet Middag med Godfrey tilbake til Balestrand Hotell!
Velkomen til ei smaksreise utanom det vanlege, når matfenomenet Middag med Godfrey tek over restauranten på hotellet frå fredag til søndag. Etter braksuksessen i fjor er det all grunn til å gle seg!
Godfrey har blant anna servert tamilsk mat på Nasjonalbiblioteket i Oslo, Festspela i Bergen og frå sin eigen festivalbod på Bergenfest. No er han tilbake i Balestrand, med ein ny miks av sine favorittrettar. Her får du smake mat du neppe finn på vanlege restaurantmenyar i Noreg.
Men det stoppar ikkje der: Gjennom helga blir det liv i baren, deilige DJ-sett og god stemning.
Meny og bordreservasjon
Delemeny til 495,-
Sjekk ut FB-arrangementet eller Balestrand Hotell på Instagram for full meny.
Servering
Fredag 25. juli frå kl. 17 og utover kvelden (til ca. kl. 21)
Laurdag 26. juli frå kl. 16 og utover kvelden (til ca. kl. 21)
Bestilling
Bestill hjå oss i resepsjonen under arrangementet.
Du kan også reservere bord på førehand ved å sende e-post til info@balestrand.com
Matworkshop
Søndag kl. 13:30–16:00 kan du bli med på matlagingsworkshop med Godfrey!
Lær å lage rettane frå menyen, og avslutt med eit felles måltid.
Pris: 750 kr per person (inkludert råvarer og middag).
Påmelding gjerast via oss eller over e-post til godfreymanoharan@gmail.com.
Vi gler oss enormt til å få Godfrey tilbake – ikkje berre for maten, men fordi han kjem med eit humør og ei energi som løftar både kjøkkenet og heile hotellet.
Velkomen!