BalePride
Laurdag 6. juni går SognaPride og Balestrand Hotell saman for å arrangere BalePride!
Vi gler oss til å arrangere den første prideparaden i Balestrand i Pride-månaden juni. Denne dagen skal vi fargeleggje bygda i regnbogens fargar og skape ekstra god stemning. Vi startar med parade gjennom Balestrand før vi samlast på Balestrand Hotell. Der blir det aktivitetar, musikk og mykje anna kjekt. Vi håpar du vil vere med og feire dagen saman med oss!
PROGRAM
12:00 - Oppmøte Sagatun Busstopp for oppstilling til parade
12:30 - Parade!
ca 13:45 - Framme ved hotellet, åpning PridePark
14:00-15:00 - PridePark og kos
15:00 - Første talar
15:30 - konsert Balestrand Korehus
16:00 - Andre talar
16:30 - konsert Sigrd Felde
17:00 - Tredje talar - takk for oppmøte
17:00-19:00 OPPHALD
19:00 - PrideQuiz på hotellet og karaoke
22:00-02:00 - DJ & FEST
Følg med for oppdateringar om arrangementet på FB eller på SognaPride si nettside.
SognaPride set opp buss frå Sogndal til og frå Balestrand. Det er avgrensa plassar, så meld deg på snarast mogleg. Det er og mogleg å bestille overnatting på Balestrand Hotell for dei som ønskjer å bli verande.
Vil du vere frivillig og bidra til arrangementet? Ta kontakt med SognaPride på sognapride@gmail.com