
Balestrand Effekten
I fjor tok gjengen over Balestrand Hotell til stor begeistring for både klikken og publikum. Det blei sjølvsagt ein umiddelbar klassikar – og no gjer vi det til tradisjon. Vi er klare for ei ny runde i sommar, og dette vil du ikkje gå glipp av!

Humorhavari i Balestrand
Noregs einaste seglande humorturné legg til kai i Balestrand!
Humorgruppa Dragsug presenterer Humorhavari – eit skreddarsydd sommarshow laga spesielt for oss i Balestrand.

Middag med Godfrey
Matfenomenet Middag med Godfrey tek nok ein gong over restauranten på Balestrand Hotell!


Muffens i posen med Linda Eide
Sjølvaste Linda Eide kjem til Balestrand Hotell laurdag 1. november, med språksjovet Muffens i posen! Meir informasjon og billettsal kjem snart.

Sommarsus
Ei lita feiring av at hotellet har fått ny visuell drakt – og av at sommarsesongen er i gang! Det blir deilig musikk frå gjeste-DJs fredag og laurdag kveld, og laurdag held baren ope til kl. 02. Laurdag kl. 13-15 blir det også gratis introkurs i salsa rueda – om du kjenner det rykke litt i foten.

Råbrent keramikkverkstad
RÅBRENT kjem tilbake til vakre Balestrand Hotell for å halde keramikkurs – for tredje år på rad!

Musikkbingo med Marta Ese Haugen
Er du klar for eit musikalsk nostalgi-dykk på Balestrand Hotell?
Kom til oss for musikkbingo med Marta Ese Haugen, under sjølvaste påskeaften!

Balestrand Open
Skifestival der sport, fest og storslått natur møtast i hjartet av Sognefjorden.