OM OSS

Balestrand Hotell er eigd og styrt av Randi Sognnæs Aamot, Theodor Sigurdsson Kvikne og Per Áki Sigurdsson Kvikne. ​Med 30 rom, ein bar og ein nydelig hage ved fjorden, drøymer vi om ein at det skal vere ein livleg stad med musikk, kultur og glede. 

Vi ønskjer å lage eit triveleg og gøyalt miljø der folk kan komme innom for ein kopp kaffi, ein øl, eit glas vin, ein konsert, ei utstilling, eit arrangement, ein fest og ved nokre anledninger eit godt måltid. Målet vårt er å skape ein levande stad der folk frå rundt om i landet, og verda, kan komme og erfare unike opplevingar i det vi meiner er Noregs vakraste bygd. 

Så lenge vi kan hugse har tante Unni Marie og onkel Eric eigd og styrt Balestrand Hotell. Her har vi vore mykje og leika med søskenbarna våre Kingdon, Charlotte og Victoria. Per har også jobba fleire somrar her i sin ungdom og vi sit igjen med mange gode minner!

 

Då vi høyrde at dei ville selge og flytte tilbake til California, vart vi redd for at staden skulle forsvinne frå familien. Det er i våre auge ein nydeleg, perfekt leikeplass og vi bestemte oss for å ta over vinteren 2021.

press to zoom
Foto: Rainer Kleive
Foto: Rainer Kleive

press to zoom

press to zoom

press to zoom
1/7
litenkatt.png
volvoen.png