Ei lita feiring av at hotellet har fått ny visuell drakt – og av at sommaren er godt i gang!
Denne helga blir det deilig musikk frå gjeste-DJs både fredag og laurdag kveld, og laurdag held baren ope til kl. 02.
Laurdag på dagtid, frå kl. 13 til ca. 15, blir det gratis introduksjonskurs i salsa rueda – ein leiken dans i ring der ein vekslar mellom solodans og byting av partnar. Ope nivå, null erfaring naudsynt, og du kan fint kome åleine. Fire dyktige og blide DJ-ar og dansarar har teke turen frå Bergen for å diske opp med musikk og dans på hotellet denne helga. Dei står klare om du kjenner det rykke litt i foten.