Tilbake til alle arrangementer

Middag med Godfrey


Matfenomenet Middag med Godfrey kjem tilbake til Balestrand Hotell!

Velkomen til ei smaksreise utanom det vanlege, når matfenomenet Middag med Godfrey tek over restauranten på hotellet frå fredag til søndag. Etter braksuksessen i fjor er det all grunn til å gle seg!

Godfrey har blant anna servert tamilsk mat på Nasjonalbiblioteket i Oslo, Festspela i Bergen og frå sin eigen festivalbod på Bergenfest. No er han tilbake i Balestrand, med ein ny miks av sine favorittrettar. Her får du smake mat du neppe finn på vanlege restaurantmenyar i Noreg.
Men det stoppar ikkje der: Gjennom helga blir det liv i baren, deilige DJ-sett og god stemning.

Søndag kl. 13:30–16:00 kan du bli med på matlagingsworkshop med Godfrey!
Lær å lage rettane frå menyen, og avslutt med eit felles måltid.
Pris: 750 kr per person (inkludert råvarer og middag). Info om påmelding kjem snart.

Vi gler oss enormt til å få Godfrey tilbake – ikkje berre for maten, men fordi han kjem med eit humør og ei energi som løftar både kjøkkenet og heile hotellet.

Bestilling skjer via hotellet under arrangementet.

Forrige
Forrige
22. juli

Humorhavari i Balestrand

Neste
Neste
22. august

Balestrand Badeklubb Festival 2025