Historia om oss

Balestrand Hotell er eigd av Theodor Sigurdsson Kvikne,  Per Áki Sigurdsson Kvikne og Randi Sognnæs Aamot. Vi er alle med på drivar-sida, men hadde ikkje klart det utan sviger- og storesøster Sandra Sigurdsdottir Kvikne, som styrer skuta med stødig hand som dagleg leiar. Nyaste tilskot i gjengen er Anna Trondsdotter Versto, som tek seg av event og sørger for at vi – og du – får gjennomført alle dei kjekke tinga vi drøymer om på hotellet!

Hotellet vårt har 30 rom, ein resepsjon med koseleg bar og ein vakker hage som strekkjer seg heilt ned til fjorden med badestrand og badstu.

Vi vil skape ein levande stad fylt med musikk, kultur og gode opplevingar. Her skal ein få kome innom for ein kopp kaffi, noko godt å drikke, ein konsert, ei utstilling, eit arrangement, ein fest – og av og til også eit godt måltid. Målet vårt er å gjere hotellet til ein stad der folk frå heile landet og verda kan samlast og oppleve det vi meiner er Noregs vakraste bygd.

Hotellet har vore i familien vår i mange år. Tante Unni Marie og onkel Eric har drive Balestrand Hotell så lenge vi kan hugse. Her leika vi med søskenbarna våre – Kingdon, Charlotte og Victoria – og både Per og Sandra jobba her fleire somrar i ungdomsåra. Vi sit igjen med mange gode minne frå den tida.

Då tante Unni Marie og onkel Eric bestemde seg for å selje og flytte tilbake til California, var vi redde for at denne perla av eit hotell skulle forsvinne ut av slekta. Difor valde vi vinteren 2021 å ta over; klare for å gi staden eit nytt liv!

Vi har også god støtte i familien på Kviknes Hotel, som har generasjonar med erfaring og kunnskap. Det er gull verdt for ferske hotelleigarar som oss. Alle som bur hos oss får dessutan rabatt på den legendariske frukostbuffeten på Kviknes.

Musikk er ein veldig stor del av liva våre. Per Áki arbeider som artist under Kjartan Lauritzen, og Theodor er manager og DJ på alle konsertar dei spelar. Det er difor naturleg for oss at musikk og konsertar står sentralt på hotellet også. Allereie same året som vi opna, arrangerte vi vår eigen festival: Balestrand Badeklubb Festival. Festivalen går av stabelen kvar sensommar. Klikk her for meir info.

Då det blei kjend at vi skulle flytte heim og ta over hotelldrifta, blei vi kontakta av NRK. Dei ville lage ein dokumentarserie om prosessen – frå overtak og oppussing til opning – med alt det innebar av både oppturar og nedturar. Den moglegheita kunne vi ikkje la gå i fra oss!

Resultatet kan du sjå her: