Sesongen startar i april og varar til oktober
Vekedagar: 12:00–23:00
Fre/lør: 12:00–01:00
Søndag: 12:00–23:00
Ved stor pågang kan opningstidene utvidast.
Baren vår er open for alle – enten du vil nyte ein god øl, smake på vinutvalet vårt eller berre henge ut med gode folk.
Vi har ein forkjærleik for naturvin og lokalprodusert cider og vin. Spør oss gjerne om lokale anbefalingar ved innsjekk.
Vi har kaffi og croissanter for alle overnattande fram til klokka 10. Dei som ønskjer ein meir mettande frukost får 20% rabatt på frukostbuffeten på Kviknes Hotell; berre 3 min gange langs fjorden frå hotellet!
Bar & Kafé
Vekedagar: 12:00–23:00
Fre/Lør: 12:00–01:00
Søndag: 12:00–23:00
Ved stor pågang utvidar me opningstidene. Berre spør!
Korleis kjem du deg til Balestrand Hotell?
Vi anbefaler å reise kollektivt – både for miljøet og opplevinga si skuld!
-
Det er fleire bussruter som går innom Balestrand.
-
Vi vågar påstanden at det ikkje finst mange trivelegare båtreiser enn Bergen – Balestrand med hurtigbåt.
Sjå her for rutetider og booking
Større gruppe? Ta kontakt med Fjord Tours
-
Bergen – Balestrand: 200 km – ca. 4 timar.
På sommarstid er ruta via Voss og Vikafjellet på sitt aller vakraste.
Er Vikafjellet stengd kjem du lettast til Balestrand via Knarvik og ferjesambandet Lavik-Oppedal.Førde – Balestrand: 100 km – ca. 1 t. 40 min.
På sommaren kan du køyre via Gaularfjellet og oppleve ein av landets finaste fjellovergangar. På vinteren køyrer du via Høyanger.
Ålesund – Balestrand: 320 km – ca 5 t. 30 min.Oslo – Balestrand: 380 km – 6 t. 30 min.
Over Hemsedalsfjellet. Via ferja Fodnes-Mannheller og gjennom Sogndal, så tek du ferje Hella-Dragsvik.
Sogndal – Balestrand: 50 km – ca. 1 t (inkl. ferje Hella-Dragsvik). -
Widerøe har fleire daglege avgangar til og frå Førde lufthamn Bringeland. Frå Førde lufthamn er det 96 km til Balestrand. Du kan alternativt lande på Sogndal lufthamn, men då er du avhengig av ferje Hella-Dragsvik.