Lurer du på kva du kan finne på i Balestrand? Vi har samla dei beste tipsa til deg!
Sauna
Velkomen til ei heit
oppleving ved fjorden!
Saunaen vår står heilt ytterst på piren framfor hotellet, med panoramautsikt over fjorden – så nær vatnet at det nesten kjennest som du flyt. Her kan du lene deg tilbake i varmen, slappe av og nyte utsikta. Og hoppe i fjorden for ein deilig dukkert!
Du kan leige heile saunaen eller kome på drop-in om du har medlemskap. Her er det plass til opp til 9 personar samstundes.
Les meir og bestill her.
Turar
Balestrand byr på eit mangfald av turar – frå fjordkanten til spektakulære toppar.
Anten du er ute etter noko roleg eller ei skikkeleg utfordring, finn du noko som passar her. Nokre av våre favorittar:
Naturstien (0–150 moh): Lett og lærerik rundtur med info om natur og dyreliv. Perfekt for heile familien.
Orrabenken (0–370 moh): Tur med jamn stigning og panoramautsikt over fjorden og bygda.
Raudmelen (0-972 moh): Vidare frå Orrabenken. Ein moderat til krevjande tur på sti og sherpatrapper opp til Baly hytta, teikna og bygd av arkitektstudentar.
Klikk her for meir info eller sjå turar på UT.no
DripFiske
Mons i DripFiske vil gjerne vise deg skattane frå havet i Balestrand!
Bli med på ein guida fisketur som balanserer ro og spenning i ei og same pakke.
Mat og drikke
I Balestrand finn du alt frå kaféar og bakeri til restaurantar med lokale råvarer og sjømat på menyen. Nokre med utsikt mot fjorden, andre midt i sentrum.
Sjå oversikta her:
Ciderhuset
Ciderhuset ligg ein spasertur frå kaien og hotella i sentrum. Dei produserer drikke under merket Balholm – cider og fruktdrikk laga med ekte lidenskap.
Om sommaren kan du bli med på cidersmaking, handle i gardsbutikken eller ete i restauranten. Dei tek imot grupper heile året til måltid, faglege opplegg, kulturvandring, teambygging - eller anna moro!
Fjord sightseeing
Likar du vind i håret? På denne turen får du kjenne på spenninga frå ein rask, men komfortabel båttur medan du lærer om stadene og historiene i Balestrand.
Sykkelutleige
Vil du oppdage Balestrand frå sykkelsetet? Då kan du stikke innom Balestrand Adventure på kaien i sentrum og leige sykkel!
Dei har både vanleg sykkel og el-sykkel.
Kunstbygda Balestrand
Kunstbygda Balestrand har som mål å styrkje Balestrand og Sogn som ein levande stad for kunst – no og i framtida – ved å leggje til rette for kunstutstillingar og andre kulturopplevingar i regionen.
Norsk Reiselivs-museum
Det nye temamuseet i Balestrand, som opna våren 2016, gir deg høve til å bli kjent med utviklinga av reiselivet og historia til reisinga i fjord- og fjellandet vårt.