Tilbake til alle arrangementer

Muffens i posen med Linda Eide

Sjølvaste Linda Eide kjem til Balestrand Hotell laurdag 1. november,
med språksjovet Muffens i posen!

Om Muffens i posen: Ein nokså latterleg norsktime

Linda Eide gyv laus på det fascinerande, fantastiske og ytterst irriterande fenomenet som omgir oss tjuefiresju: Språket!

Kva ler vi av? Kva blir vi forbanna av? Kva har vi null kontroll med? Og når er språket på sitt mest imponerande? Muffens i posen er underhaldande folkeopplysning, med ørlite ekstra vekt på underhaldande.

Linda fortel: Namnet på dette sjovet er henta frå ei herleg feilsnakking på norsk radio, og stilen kom ved eit uhell, på Ogna Scene. Bøylemikken funka ikkje, og eg måtte bruka handhaldt mikrofon, og plutseleg kom eg i ein slags standup-modus, noko eg aldri har drive med. Men det eine tok det andre, publikum heia, og ein knallkjekk kveld vart det. Og eg drog vidare med ei forsterka tru på at me alle har lyst til å le, og bli hakket meir opplyst. Og gjerne samtidig.

Til Balestrand Hotell kjem også Frynsegodene. Gruppa består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad, Christina Brunner, saman med Eide. Med mottoet “lite for gehøret, mykje for humøret!” byr dei på ei musikkoppleving utanom det vanlege - og sørgjer elles for å bidra med smittande humør og truleg høg latter gjennom kvelden.

Billettsal og meir info kjem snart.


Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår og er kjend for personlege programkonsept som Norsk attraksjon, Smæsj og ikkje minst Eides språksjov, som gjorde språk til laurdagsunderhalding, gjennom tolv sesongar på NRK.

Eide skriv også bøker og sceneframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling.

Forrige
Forrige
22. august

Balestrand Badeklubb Festival 2025