I fjor tok gjengen over Balestrand Hotell til stor begeistring for både klikken og publikum. Det blei sjølvsagt ein umiddelbar klassikar – og no gjer vi det til tradisjon. Vi er klare for ei ny runde i sommar, og dette vil du ikkje gå glipp av!
2025 blir eit stort år for Full Effekt, og gjengen gleda seg til å feire i Balestrand, vise fram det dei har på gang – og sjølvsagt levere alle klassikarane live. Her er noko av det du kan sjå fram til:
Macho slepp debutplata si i januar
Hazy gir ut sitt femte album (ja, du las riktig – femte!)
Baba kjem med Juicepack 3
Dava slepp samarbeid med Daogen, Kars, Hazy og Angelo i løpet av året
Og kven veit – kanskje Girson sjølv har noko nytt på lur?
RnB-alibiane Chekk og Soffe ligg heller ikkje på latsida i 2025 – begge slepp sololåtar, men også eit ellevilt samarbeidsprosjekt der Soffe står for produksjonen.
Full Effekt har også med seg årets nykomar 2j og gjengen Spacewave, som slepp samarbeidstape med Full Effekt éi veke før Balestrand Effekten.
I tillegg til nye prosjekt kjem Dårlig Vane tilbake med ein katalog full av bangers. Og du kan sjølvsagt også sjå fram til brennheite DJ-sett frå DJ Boge, Girson, Dava og Yung Titties.
Sikre deg billett no, så sjåast vi i Balestrand 27. og 28. juni.