VEGEN HIT

Vi anbefaler alle å reise kollektivt! 

REISE MED BUSS

Det er fleire bussruter som går innom Balestrand. Ein kan søke etter ruter på Kringom her!

REISE MED HURTIGBÅT FRA BERGEN

Vi vågar påstanden at det ikkje finst mange trivelegare båtreiser enn Bergen – Balestrand med hurtigbåt.
Rutetider og booking
Større gruppe? Ta kontakt med Fjord Tours

.

REISE MED BIL

Bergen – Balestrand: 200 km – ca. 4 timar.
På sommarstid er ruta via Voss og Vikafjellet på sitt aller vakraste.
Er Vikafjellet stengd kjem du lettast til Balestrand via Knarvik og ferjesambandet Lavik-Oppedal.

Førde – Balestrand: 100 km – ca. 1 t. 40 min.
På sommaren kan du køyre via Gaularfjellet og oppleve ein av landets finaste fjellovergangar. På vinteren køyrer du via Høyanger.

 
Ålesund – Balestrand: 320 km – ca 5 t. 30 min.

Oslo – Balestrand:  380 km – 6 t. 30 min.
Over Hemsedalsfjellet. Via ferja Fodnes-Mannheller og gjennom Sogndal, så tek du ferje Hella-Dragsvik.

Sogndal – Balestrand: 50 km – ca. 1 t
Inkl. ferje Hella-Dragsvik

REISE MED FLY

Widerøe har fleire daglege avgangar til og frå Førde lufthamn Bringeland. Frå Førde lufthamn er det 96 km til Balestrand. Du kan alternativt lande på Sogndal lufthamn, men då er du avhengig av ferje Hella-Dragsvik.
www.wideroe.no

   Kong Beles Veg 41, 6899 Balestrand

volvoen.png
litenkatt.png